Orginal - Rød

Ruter i tet - Sentralposten 03/24

I januar skilde Ruter ut teknologidelen i eit nytt underselskap som heiter Tet Digital. NTL-leiaren i Ruter vart med over i den nye selskapet, men førebels er fagforeininga samla for Ruter og Tet.


– Vi har halde på den overordna konsernstrukturen, så vi har framleis ei samla avdeling som heiter NTL Ruter. Akademikerne gjorde det motsette, dei splitta seg. Men så lenge Ruter er einaste eigar i selskapet, kjem vi nok til å halde fram samla. Hovudtyngda av dei tilsette i Tet er folk frå Ruter i tillegg til nytilsette, seier Jan Gunnar Brorson, leiar i NTL Ruter.

I dag er det Ruter som eig Tet åleine, det vil seia Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. På sikt kan det  koma fleire eigarar, slik at ein som tidlegare i Viken fylkeskommune kan samarbeide om tenestene. Brorson seier at dei kjem til å vurdere korleis NTL Ruter skal organisere seg framover.

Faglege og sosiale aktivitetar
Det er snart to år sidan Brorson overtok som leiar i NTL Ruter. Før det var han nestleiar og tillitsvald i styret i mange år.
   – I fjor hadde vi ei samling for det nye styret, og nå skal vi ha ei ny samling der vi
skal prøve å fordele rollene enda betre og involvere alle i arbeidet. Tidlegare har ikkje
oppgåvene vore fordelte heilt logisk, og i tillegg kjem faktoren med det nye dotterselskapet.

Brorson seier òg at dei arbeider med å blåse liv i studieutvalet som vart oppretta ved årsmøtet i fjor, slik at det blir meir aktivitet blant medlemmene. Dei skal arrangere interne kurs, og dei har planar om å arrangere ein tur. Det blir både faglege og sosiale aktivitetar framover.

   – Vi prøver å vera synlege ved å gå rundt fysisk og vera til stades i kontorlandskapet. Vi er med på kurs og  samlingar for å halde oss oppdaterte, og vi legg ut meldingar om ting som skjer. Elles er lønnsforhandlingane
noko av det viktigaste vi driv med. Vi informerer i forkant og får innspel om korleis vi kan gå fram. Medlemmene skal føle at vi høyrer dei, og samtidig er det overordna føringar for korleis alt skal gjerast.

Les mer om NTL Ruters planer for verving, forhandlinger og samarbeid med arbeidsgiver i Sentralposten 03/2024. 

Hvis du ønsker å motta bladet må du inn på medlemsnett og huke av for at du ønsker NTL-magasinet i posten. Da vil du motta både Sentralposten og NTL-magasinet.

Tekst av Marius Helgå

Tema