Orginal - Rød
Ove Torheim-Sandvik og Torgeir Homme har laget ny podkastepisode om sikkerheit i NAV

Aktuelt: Sikkerheit i NAV

 

Ein større gjennomgang av tilsettes sikkerheit i NAV er gjennomført. Ein sluttrapport som inkluderer kartlegging og anbefalingar for vidare arbeid rundt tryggleiken i NAV er ferdig. Bakgrunnen for gjennomgangen er det tragiske drapet på NAV Årstad i september 2021. Rapporten blei lagt fram 1.mars og no står det att å jobbe med dei konkrete anbefalingane og tiltaka. Etatstillitsvalt Harald Langstad har bidratt i arbeidet gjennom deltaking i referansegruppa. Sikkerheit i NAV er tema for den nyaste episoden i podkasten «Hverdagen med NTL NAV» der Harald sjølvsagt er gjest.

 

Opplæring, trening og øving er viktigast

NTL NAV meiner rapporten er grundig og peiker på mykje kjent problematikk rundt sikkerheit. Kor utsatt ein tilsett i NAV er varierer i stor grad ut i frå arbeidsoppgåver og grad av brukarkontakt. Det er tilsette på NAV Kontaktsenter og på NAV-kontor som i størst grad opplever vald eller truslar om vald, trakassering og sjikane. Eit av tiltaka som spesielt løftast fram av Harald, er opplæring, trening og øving. «Vi må ruste dei tilsette til å stå i vanskelege situasjonar. Noko som betyr at det trengs midlar og ressursar i form av tid til å arbeide førebyggande rundt tryggleik» seier han i podkasten.

 

Bekymra

NTL NAV er også bekymra rundt det som rapporten avdekker. Utydeleg ansvarsfordeling mellom stat og kommune i partnarskapet gir utfordringar rundt sikkerheitsarbeidet på NAV-kontor. Økonomiske rammer gir dessverre ulike mogelegheiter rundt prioriteringar og gjennomføring av tiltak. Minimumsstandard med krav til fysisk utforming og sikring av NAV-kontor trekkast fram som eksempel av Langstad. Denne har vi hatt i etaten sidan 2014, men framleis i dag er det ikkje alle kontor som etterlever denne, seier han. Minimumsstandarden peikar også rapporten på, den er blant anna for vag, det er for utydeleg kva som er anbefalingar og kva som er krav. Vidare peiker rapporten på at rutinane i sikkerheitsarbeidet treng forenkling og tydeleggjering. Dette arbeidet er allereie i gang.

 

Det kostar også pengar å gi opplæring, tid til trening og øving, tid til refleksjon. Ikkje mist kostar det pengar å vedlikehalde denne kunnskapen. Å ta NAV-tilsette ut av produksjon kan arbeidsgivar ha ein høg terskel for å gjere, då er det viktig at NTL peiker på kor viktig førebyggande sikkerheitsarbeid er for nærvær og psykologisk tryggleik, verkeleg få fram at dette er ei god investering.

 

Naturleg tema

NTL NAV er opptekne av at sikkerheit som tema blir ein del av vår arbeidskvardag på arbeidsplassen. Diskusjonar og refleksjonar rundt sikkerheit bør vere ein naturleg del av formelle og uformelle møtefora, ikkje noko vi berre er opptekne av etter konkrete hendingar. Undersøkingar frå rapporten viser at 30% av NAV-tilsette har opplevd truslar, trakassering, sjikane eller vald i 2021-2022. Vi veit også at dette skapar utryggheit og mistrivsel, og at god støtte og oppfølging reduserer denne belastninga. Rapporten gir oss innsikt og oppdatert kunnskap, no står det viktigaste att: å gjere noko med det.

 

 

Podkastepisoden om sikkerheit kan lyttast til her: https://open.spotify.com/show/5nBhJB5d7fa9qVjIo3Vx0q Sjekk også ut dei andre episodane i podkasten «Hverdagen med NTL NAV».

 

Rapporten «Vold og trusler mot ansatte i NAV – oppdatert kunnskap og forslag til tiltak» kan lesast i sin heilskap på navet.

 

 

Tema
NTL mener